
Ønsker du å arrangere ein tur til oss?
Ønsker du å koma på tur til oss med laget/foreningen? Det syns me er veldig kjekt!
Ein kan kome til øya med båt (for eksempel Helgøy Skyssbåt) eller bil, men dei aller fleste kjem med buss. Me kjem om bord i bussen på fastlandssida av brua, og fortel om det me ser frå brua og oppover bakkane mot Epleriet. Dei som vil kan sitte i bussen til døra, men me vil anbefala å vera med å gå gjennom den siste frukthagen ned mot Epleriet, ca 150 m. Der får ein nærkontakt (og gjerne ein smaksprøve!) av frukta, lukte og kjenne på dei frodige frukttrea. I Epleriet ventar god, heimelaga middag og dessert med lokale råvarer. Ein smaksprøve av safta vår og sesongen sine frukter høyerer sjølvsagt med! Me fortel historie og viser bilder frå kvardagen og drifta på garden, og det vil vera mulig å handla i gardsbutikken. Ein må rekne 2,5-3 timar på dette opplegget og prisar får du ved kontakt. Bussjåfør og 1 reiseledar går gratis. Minimum antal per gruppe er 20 personar, max 120.






















